Bedrift
BKKSøknadsfrist
15.03.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Nettselskaper (kraftnett)Utdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5020 , Førde
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3511819Se her for andre jobber fra BKK
- Oppdatert 24.02.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
BKK
2 traineestillingar innan utvikling og dataflyt
Nettselskaper (kraftnett)
BKK Nett fusjonerte med Sunnfjord Energi i 2019, og med utgangspunkt i kompetansemiljøet i Førde vil selskapet styrke si satsing innan digitalisering.
Vi søker difor 2 trainear innan utvikling og dataflyt
BKK Nett er eit framtidsretta nettselskap med fokus på å bli meir datadrevet. BKK Nett har investert i digitale straummålera og skal i dei neste åra investere enda meir i sensorikk for å kunne nytte dei store mengdene med data til å predikere vedlikehalds- og investeringsbehov i framtidas nett-infrastruktur. Vi tilbyr difor spennande oppgåver innan dataanalyse, integrasjonsarbeid, programmering, statistikk, teknologi og digitalisering. Stillingane vil inngå i enheten Digitale Tjenester i BKK Nett.
Arbeidsoppgåver
Som trainee vil du
- Jobbe tett opp mot andre avdelingar i selskapet og leverandørar på fagsystem
- Være med å bygge opp og utvikle kompetansegruppe innanfor digitalisering
- Jobbe i eit tverrfagleg team der ein vil jobbe med utvikling av eksisterande/nye system og digitale verktøy
- Jobbe med integrasjonsgrensesnitt mellom fagsystema
- Analysere og predikere data for effektivisering og forbetring av den dagleg drifta
Som trainee i BKK Nett, avd. Førde vil du være ein sentral del av selskapet si satsing, og ta aktivt del i den vidare utviklinga. I BKK Nett har vi eit ungt arbeidsmiljø med mange nytilsette dei siste åra, og ulike aktivitetar og samlingar gjennom året er med å skape ei positiv og god lagånd på jobben. Etter fusjonen har mange tilsette frå Sunnfjord Energi fått utfordrande leiarjobbar i BKK-konsernet, og fleire av desse starta karriera si som trainee i Sunnfjord Energi gjennom Framtidsfylket si traineeordning.
Kvalifikasjonskrav
Følgande kompetanse er ein fordel:
- Erfaring med å strukturere og analysere store datasett frå ulike kjelder
- Kunnskap innan backend programmering
- Erfaring med C#, Python eller SQL
- Kunnskap om bruk av API, React eller PowerBI
- Du har bakgrunn innan elkraft, IKT, datateknologi, informatikk, statistikk/matematikk, data science, robotikk/kybernetikk eller tilsvarande
- BKK AS har etablert Azure som skyløysing.
Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee:
- Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
- Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg
Om deg
Dersom du kan være med å drive selskapet si utvikling vidare innan data-utnytting og digitalisering, og følgjer med på teknologiutviklinga er kanskje dette jobben for deg? Vær med og skap framtidas største og beste nettselskap på Vestlandet.
Vi tilbyr
- Oppfølging av eigen mentor
- Spennande arbeidsoppgåver med stort potensiale for personleg utvikling
- Gode moglegheiter for kurs og vidareutdanning
- Høg gøy-faktor på traineesamlingar og på jobben
- Høve til å søke på faste stillingar i BKK i vår “indre arbeidsmarknad”
- Eit sosialt miljø med engasjerte medarbeidarar som driv på med ulike aktivitetar og samlingar gjennom året
- Eige trimrom på arbeidsplassen samt tilgang til bedriftshytter på fjellet og ved sjøen
Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee:
- Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
- Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg
Du vil jobbe som trainee hos oss frå august 2021 – august 2022
Søk her:
https://www.framtidsfylket.no/jobber/bkk-soker-trainee-innan-utvikling-og-dataflyt
Bedrift
BKKSøknadsfrist
15.03.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Nettselskaper (kraftnett)Utdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5020 , Førde
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3511819Se her for andre jobber fra BKK
- Oppdatert 24.02.2021