• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    24.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6899, BALESTRAND
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3798453
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 05.05.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

2 ledige fastlegeheimlar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Balestrand

Bygda Balestrand har ca. 1100 innbyggjarar og ligg fint til ved Sognefjorden omgitt av vakker natur med gode mogelegheiter for friluftsliv med alt frå topptur til fots og på ski til båtliv på fjorden. Det er særskilt flott tilrettelagt med turstiar i fjellet. I bygda er det lang tradisjon for turisme og kunst, i tillegg til fleire fruktgardar, noko som vert spegla i fleire overnattingsstader og etestader i bygda. Norsk Reiselivsmuseum ligg også her. Snøggbåten mellom Sogndal og Bergen stoppar på kaien i bygda, noko som gjer reiser til Bergen svært enkelt. Bygda har vidaregåande skule med internat.

 

Stillingsinformasjon

Ved Balestrand legekontor er det 2 ledige heimlar for fastlege frå hhv. 01.06.21 og 01.09.21. Oppstart etter avtale. Listelende på inntil 800 pasientar og inntil 7,5 timar/veke kommunale oppgåver. Det vil vere aktuelt å leggje avdelingsleiaransvaret for legekontoret til ei av stillingane. Her vil ein kunne ha ei unik moglegheit til å forme sin eigen arbeidsplass i samarbeid med dei to andre legekontora i kommunen.

 

Om stillinga

Balestrand legekontor har 2 fastlegar, 1 sjukepleiar og 1 helsefagarbeidar/helsesekretær. Medarbeidarane er svært erfarne og har god lokalkunnskap. CGM allmenn journalsystem. Ingen utgifter til praksisoverdraging (goodwill). Sogndal kommune legg stor vekt på rettleiing integrert i praksis med sikte på at både kurativt arbeid og legevakt skal vere ein god plass å lære allmennmedisin og leggje grunnlaget for spesialisering.

 

Kommunen eig og driv legekontoret. Det vil vere mogleg med næringsdrift eller fastlønnsavtale etter kva aktuelle søkjarar ynskjer. Legekontoret er samlokalisert med helsestasjon og fysioterapi.

Legevakta er samlokalisert med Sunnfjord og Ytre Sogn legevakt i Førde med ca. 2 vakter pr. månad. Balestrand har som del av Helsedirektoratet sitt pilotprosjekt eigen legevaktsatellitt som er bemanna av sjukepleiarar.

 

Arbeidsoppgåver:

Allmennmedisinske oppgåver som fastlege.

 

Kvalifikasjonar:

Norsk autorisasjon som lege.

Gjennomført turnusteneste/LIS1.

Spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering i allmennmedisin.

Førarkort klasse B.

 

Personlege eigenskapar:

Flytande norskkunnkapar, både skriftleg og muntleg.

God evne til kommunikasjon og samhandling.

Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.

Høg arbeidskapasitet.

 

Vilkår for fastlegeavtale går fram av lover, forskrifter, sentrale og lokale avtalar.

 

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    24.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6899, BALESTRAND
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3798453
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 05.05.2021