Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
05.05.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3517459Se her for andre jobber fra Aukra kommune
- Oppdatert 13.04.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Aukra kommune
100 % stilling Spesialsjukepleiar - psykisk helse og rus
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Aukra kommune finn du i Møre og Romsdal. Det er ein liten kommune med om lag 3500 innbyggjarar. Kommunen består av både fastland og øy, og du kjem deg til øya etter ein ferjetur på 10 minutt. Næraste by er Molde, som ligg 30 minutt unna øya Gossen der om lag 2/3 av innbyggarane i kommunen bur. Aukra kommune har gassanlegg (Ormen Lange), fiskeforedling og industri som hovudnæringar i tillegg til kommunale arbeidsplassar. Kommunen ligg i naturskjønne omgjevnadar med nærleik til fjord og fjell. Frå kommunen har ein nærleik til fjellturar, toppturar og ulike festivalar som Moldejazz, Raumarock og båtfestivalar og anna. Kommunen har nye bygningar som skolar, barnehagar og omsorgssenter Våren 2022 er nytt kulturhus innflyttingsklart.
Pleie og omsorg har nytt omsorgssenter som sto ferdig i 2018 og Eining Heimetenester har tilhald i senteret.
Aukra kommune ønskjer seg nye medarbeidarar som kan vere med på å vidareutvikle eit allereie godt tenestetilbod. Då ein av våre tilsette skal ta fatt på nye utfordringar søkjer vi etter medarbeidar i;
100 % fast stilling Spesialsjukepleiar- arbeidsområde tenesta for psykisk helse og rus
Om eininga/avdelinga
Eining Heimetenester har ansvar for heimesjukepleie og heimehjelp, psykisk helse og rus samt dagsentertilbod i kommunen. Eininga driftar òg eit dagsenter 2 dagar i veka (lavterskeltilbod). Stillinga som spesialsjukepleiar yt teneste til ungdommar og vaksne med utfordringar innan psykisk helse og rus.
Tenesta har tett samarbeid med andre einingar i kommunen og spesialisthelsetenesta. Arbeidsoppgåvene er i stor grad oppfølging av individuell- og gruppetilbod, familiearbeid, informasjons-/ kunnskapsformidling, rettleiing og noko planarbeid. Stillinga er ein del av førebyggande forum og kriseteamet i kommunen.
Stillinga er ei av to 100 % faste stillingar i tenesta psykisk helse og rus. Dagsenteret for yngre har i tillegg ei 80 % stilling for aktivitør/miljøarbeidar. Arbeidet vert i hovudsak utført på dagtid, men den som skal fylle stillinga må vere fleksibel og rekne med noko arbeid på ettermiddag/kveld når situasjonen krev det.
Har du høgskoleutdanning innan helse- eller sosialfag med relevant vidareutdanning og har lyst å delta i utvikling av tenester i Aukra kommune kan dette vere ei spanande utfordring, og vi oppfordrar deg til å søkje.
Krav til søkjar
Sjukepleiar med autorisasjon eller anna 3- årig helse- og sosialfagleg utdanning på høgskolenivå
Vidareutdanning i til dømes psykiatrisk sjukepleie, familieterapi, rus
Erfaring frå klinisk arbeid
God på kommunikasjon og samhandling
Godkjent politiattest
Sertifikat klasse B
Digital kompetanse
Godt munnleg og skriftleg språk (nynorsk)
Personleg eigna for stillinga
Fleksibel i tenesta
Kompetanseheving
Tilbod om deltaking på kurs
Tilgang på e-læringskurs
Støtte til etter- og vidareutdanning som kommunen etterspør
Vi tilbyr
Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
Løn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk
Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
05.05.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3517459Se her for andre jobber fra Aukra kommune
- Oppdatert 13.04.2021