• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    04.11.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Varierande arbeidstid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4169063
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 20.10.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

100 % stilling som ruskonsulent /miljøterapeut ved psykisk helse og rus

Offentlig forvaltning

Vil du vere med på å vidareutvikle gode lågterskel meistringstilbod til brukar med innan rus / psykiatrifeltet i Ål kommune?

Er du glad i mennesker, og ser du andre sine ressursar og potensiale?

Me har ledig eit 1 års engasjement i psykisk helse og rus frå 01.12.21 med høve til forlenging og omgjering til fast stilling.

Avdeling Psykisk helse og rus er ei tverrfagleg avdeling inkludert lågterskelteneste, der brukar sjølv kan ta kontakt for hjelp. Avdelinga gir ei variert tenestetilbod avhengig av kva den enkelte treng. Dette kan omfatte råd og rettleiing, kurs, behandling, praktisk hjelp, ambulant oppfølging, omsorgsbustad og ulike aktivitetstilbod. Mange vert tilvist frå lege eller andre samarbeidspartar og vi har godt etablert samarbeid med spesialisttenesta. Me er ei verksemd i utvikling og som ønskjer at våre innbyggjarar skal ha ei dør inn til våre tenester der me er på lag med brukaren om målretta tenester som hjelper den enkelte til å meistre kvardagen. I løpet av år 2022 blir avdelinga ein del av nyoppretta avdeling Meistring.

Arbeidsoppgåver
Oppgåver tillagt stillinga er miljøarbeid for heimebuande som har utfordingar med rus og psykisk helse. Du kan også bli tillagt andre oppgåver avhengig av dine kvalifikasjonar og bakgrunn. Oppgåvene er varierte og mangfaldige der brukaren sjølv er delaktig i planlegging og utforming av tenestene sine.

Kvalifikasjonar
- helse- og/eller sosialfagleg utdanning på bachelornivå.
- ønskjeleg med vidareutdanning i psykisk helsearbeid og/ eller rus
- førarkort i klasse B

Personlege eigenskapar
- du har engasjement for faget og brukargruppa
- du er positiv, løysningsorientert og fleksibel
- du kommuniserer godt med brukarar, deira pårørande og samarbeidspartar
- du ser den enkelte sine ressursar og potensiale, og motiverer for meistring og endring

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar

Me tilbyr
- godt arbeidsmiljø med erfarne, trygge og kunnskapsrike kollegaer
- arbeidsplan/turnus med lite ubekvem arbeidstid
- eit godt etablert tverrfagleg miljø og gode system for samarbeid med andre
- internundervisning, fagleg utvikling og rettleiing
- full barnehagedekning i kommunen
- hjelp til å skaffe bustad
- lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk
- pensjonsordning i KLP

Politiattest
For å få tiltre stillinga etter tilsettinga, må du levere gyldig politiattest som er nyare enn tre månader.

Send søknad
Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar".

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt i søknaden,

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    04.11.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Varierande arbeidstid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4169063
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 20.10.2021