Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
12.05.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3727231Se her for andre jobber fra Aukra kommune
- Oppdatert 13.04.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Aukra kommune
100 % stilling Miljøterapeut - teneste psykisk helse og rus
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Aukra kommune finn du i Møre og Romsdal. Det er ein liten kommune med om lag 3500 innbyggjarar. Kommunen består av både fastland og øy, og du kjem deg til øya etter ein ferjetur på 10 minutt. Næraste by er Molde, som ligg 30 minutt unna øya Gossen der om lag 2/3 av innbyggarane i kommunen bur. Aukra kommune har gassanlegg (Ormen Lange), fiskeforedling og industri som hovudnæringar i tillegg til kommunale arbeidsplassar. Kommunen ligg i naturskjønne omgjevnadar med nærleik til fjord og fjell. Frå kommunen har ein nærleik til fjellturar, toppturar og ulike festivalar som Moldejazz, Raumarock, båtfestivalar og anna. Kommunen har nye bygningar som skolar, barnehagar og omsorgssenter. Våren 2022 er nytt kulturhus innflyttingsklart.
Pleie og omsorg har nytt omsorgssenter som sto ferdig i 2018. Tenester er samlokaliserte i omsorgssenteret med lang- og korttidsplassar i sjukeheim, 20 heildøgns omsorgsbustadar og dagsentertilbod for eldre og yngre. Legevaktsatelitt vert drifta av sjukepleiarar frå institusjon og heimesjukepleie. Kjøkkenet i omsorgssenteret leverer heimlaga middagar til bebuarar ved sjukeheim og til heimebuande. Eining Helse ligg i nærleiken av Aukra Omsorgssenter og det er etablert eit tett samarbeid mellom fastlegar, fysio- og ergoterapeutar, psykisk helse og rusteneste, institusjonstenester og heimetenester
Aukra kommune ønskjer seg nye medarbeidarar som kan vere med på å vidareutvikle eit allereie godt tenestetilbod. Kommunen har motteke prosjektmidlar frå Statsforvaltaren og ønskjer no å styrke tenesta psykisk helse og rus ved å opprette ei ny stilling som miljøterapeut for heimebuande.
100 % fast stilling Miljøterapeut - teneste psykisk helse og rus
Om eininga/avdelinga
Eining Heimetenester har ansvar for heimesjukepleie og heimehjelp, psykisk helse og rus samt dagsentertilbod for eldre og yngre. Eininga driv dagsenter for yngre 2 dagar i veka (lavterskeltilbod) som i desse dagar opnar gjenbruksbutikk. Tenesta har 2 heile stillingar som psykiatriske sjukepleiarar som yt teneste til ungdommar og vaksne med utfordringar innan psykisk helse og rus. Dagsenteret har ei 80 % stilling som fagleg ansvarleg/miljøarbeidar.
Tenesta har tett samarbeid med andre einingar i kommunen og spesialisthelsetenesta. Stillingga som miljøterapeut skal i hovudsak bistå heimebuande på ulike livsområde som bustad, ADL-oppgåver, helse, søknadar, økonomi, arbeid, aktivitet og fritid med meir. Stillinga er ikkje ferdig utforma og den som vert tilsett vil kunne vere med å utforme denne saman med andre tilsette. Arbeidet vert i hovudsak på dagtid,men den som vert tilsett må kunne arbeide ein til to ettermiddagar/kveldar i veka. Næraste leiar er einingsleiar.
Om du har høgskoleutdanning innan helse- eller sosialfag med relevant vidareutdanning eller arbeidpraksis og har lyst å delta i utvikling av tenester i Aukra kommune, kan dette vere ei stilling for deg. Arbeidet krev at du er sjølvstendig, løysningsorientert og har god gjennomføringsevne.
Vi ønskjer søkjar med
3- årig helse- og sosialfagleg utdanning på høgskolenivå, men ikkje eit absolutt krav
Vidareutdanning er ein fordel (til dømes psykisk helsearbeid, rus og kultur)
Erfaring frå klinisk arbeid
God på observasjon, kommunikasjon og samhandling
Godkjent politiattest
Sertifikat klasse B
Digital kompetanse
Godt munnleg og skriftleg språk (nynorsk)
Personleg eigna for stillinga
Fleksibel i tenesta og med gjennomføringsevne
Kompetanseheving
Tilbod om deltaking på kurs
Tilgang på e-læringskurs
Støtte til etter- og vidareutdanning som kommunen etterspør
Vi tilbyr
Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
Løn etter tariff
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk
Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding
Autorisasjon for helsepersonell
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
12.05.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3727231Se her for andre jobber fra Aukra kommune
- Oppdatert 13.04.2021