Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
14.08.2022Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4705484Se her for andre jobber fra Aukra kommune
- Oppdatert 21.07.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Aukra kommune
100 % stilling helsefagarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi ønskjer oss fleire dyktige medarbeidarar til teamet vårt! Har du fagbrev oppfordrar vi deg til å søkje på
100 % stilling helsefagarbeidar
Om eininga/avdelinga
Tenester for Heimebuande ønskjer seg nye medarbeidarar som kan vere med på å vidareutvikle eit allereie godt tenestetilbod. Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande, og vi satsar på å gje kontinuerlig opplæring og moglegheiter for utvikling. Eininga vil legge til rette for alternative turnusordningar til dei som ønskjer det med 12,5 timers vakter.
Pleie og omsorg er samlokaliserte i Aukra Omsorgssenter med lang- og korttidsplassar i sjukeheim, 20 heildøgns omsorgsbustadar og dagsentertilbod for eldre og yngre. Legevaktsatelitt vert drifta av sjukepleiarar frå institusjon og heimesjukepleie. Tenester for Heimebuande har ansvar for heimesjukepleie og heimehjelp, psykisk helse og rus samt dagsentertilbod for eldre og yngre.
Om du har fagbrev som helsefagarbeidar og er motivert til å vere leverandør av gode tenester i Aukra kommune, kan dette vere ei stilling for deg. Arbeidet krev at du er sjølvstendig og løysningsorientert. Har du interesse for teknologi vil det vere ein fordel, då vi nyttar velferdsteknologi meir og meir hos heimebuande.
Vi ønskjer søkjar med
Fagbrev som helsefagarbeidar eller tilsvarande
Autorisasjon
God på observasjon, kommunikasjon og samhandling
Godkjent politiattest
Sertifikat klasse B
Digital kompetanse
Godt munnleg og skriftleg språk (nynorsk)
Personleg eigna for stillinga
Kompetanseheving
Tilbod om deltaking på kurs
Tilgang på e-læringskurs
Støtte til etter- og vidareutdanning som kommunen etterspør
Vi tilbyr
Alternativ arbeidstidsordning
Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
Løn etter tariff
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
14.08.2022Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4705484Se her for andre jobber fra Aukra kommune
- Oppdatert 21.07.2022