Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
06.02.2022Ansettelsesform
workTime.Varierande arbeidstidBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4343523Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 20.01.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Ål Kommune
100 % fast stilling som miljøterapeut ved avdeling Meistring
Offentlig forvaltning
Vil du vere med på å vidareutvikle gode lågterskel meistringstilbod til brukar med innan rus / psykiatrifeltet i Ål kommune?
Er du glad i menneskjer, og ser du andre sine ressursar og potensiale?
Me har ledig 100 % fast stilling i avdeling meistring (tidlegare avdeling psykisk helse og rus).
Avdeling Meistring er ei nyoppretta tverrfagleg avdeling som gir tilbod innan fysioterapi, psykisk helse og rus, dagsenter, Friskliv, og lågterskelteneste, der brukar sjølv kan ta kontakt for hjelp. Avdelinga gir ei variert tenestetilbod avhengig av kva den enkelte treng. Dette kan omfatte råd og rettleiing, kurs, behandling, praktisk hjelp, ambulant oppfølging, omsorgsbustad og ulike aktivitetstilbod. Mange vert tilvist frå lege eller andre samarbeidspartar og vi har godt etablert samarbeid med spesialisttenesta. Me er ei verksemd i utvikling og som ønskjer at våre innbyggjarar skal ha ei dør inn til våre tenester der me er på lag med brukaren om målretta tenester som hjelper den enkelte til å meistre kvardagen.
Arbeidsoppgåver
Oppgåver tillagt stillinga er miljøarbeid for heimebuande som har utfordingar med rus og psykisk helse. Du kan også bli tillagt andre oppgåver avhengig av dine kvalifikasjonar og bakgrunn. Oppgåvene er varierte og mangfaldige der brukaren sjølv er delaktig i planlegging og utforming av tenestene sine.
Kvalifikasjonar
- helse- og/eller sosialfagleg utdanning på bachelornivå helst med autorisasjon som sjukepleiar.
- ønskjeleg med vidareutdanning i psykisk helsearbeid og/ eller rus
- førarkort i klasse B
Personlege eigenskapar
- du har engasjement for faget og brukargruppa
- du er positiv, løysningsorientert og fleksibel
- du kommuniserer godt med brukarar, deira pårørande og samarbeidspartar
- du ser den enkelte sine ressursar og potensiale, og motiverer for meistring og endring
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Me tilbyr
- godt arbeidsmiljø med erfarne, trygge og kunnskapsrike kollegaer
- arbeidsplan/turnus med lite ubekvem arbeidstid
- eit godt etablert tverrfagleg miljø og gode system for samarbeid med andre
- internundervisning, fagleg utvikling og rettleiing
- full barnehagedekning i kommunen
- hjelp til å skaffe bustad
- lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk
- pensjonsordning i KLP
Politiattest
For å få tiltre stillinga etter tilsettinga, må du levere gyldig politiattest som er nyare enn tre månader.
Send søknad
Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar".
Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt i søknaden,
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
06.02.2022Ansettelsesform
workTime.Varierande arbeidstidBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4343523Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 20.01.2022