Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
01.01.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4248038Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 17.12.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Ål Kommune
100 % fast stilling som kommuneoverlege og samhandlingsleiar i Hallingdal
Offentlige tjenester og forvaltning
Ønskjer du å vere med å bidra til innovative og framtidsretta tenester for kommunene i Hallingdal?
Ønskjer du å jobbe med samfunnsmedisinsk rådgjevnad og samhandling innan helse?
Ønskjer du å jobbe i og utvikle eit interkommunalt tverrfaglig kompetansemiljø?
Då kan denne stillinga vere noko for deg.
Om stillinga
Frå 1. januar 2022 er det oppretta ein 100 % fast stilling som kommuneoverlege og samhandlingsleiar i Hallingdal. Stillinga er knytt til Hallinghelse. Viktig samarbeidspartnar er Kommuneoverlegeforum i Hallingdal, miljøretta helsevern i Hallingdal, andre interkommunale samarbeidsorgan og samarbeid med Vestre Viken.
Hovudoppgåvene til stillinga er:
- samfunnsmedisinsk rådgjevnad og samhandling i Hallingdal
- å initiere og samordne felles planarbeid, prosedyrer og retningsliner innan mellom anna folkehelse, smittevern, beredskapsplanar og samfunnsplanlegging
- å samordne og fronte kommunane sitt samarbeid med Vestre Viken HF, i særleg grad knytt til Hallingdal sjukestugu og deira medisinske tenester. Fylgja opp kommunane sine interesser i felles intermediæravdeling ved Hallingdal sjukestugu
- å fylgje opp eksterne samarbeidspartnerar som kommunehelsesamarbeidet/helsefellesskapet i Veste Viken
- å vere sentral bidragsyter i felles kommuneoverlegeforum i Hallingdal (KOLF) fastlegeforum og legevaktsamarbeid i Hallingdal
- å vere talsperson og omdømmebyggjar for Hallingdal opp mot sentrale helsestyremakter, fylkeskommune, statsforvaltaren og nasjonale kompetansemiljø
- å initere og bidra til å styrke samarbeidet og utvikle tenestene innan folkehelse og helsestenester i Hallingdal, og bidra i gjennomføring av utgreiingar og konsekvensvurderingar
- å vere ein pådrivar og samarbeidspart inn dei ulike fagmiljø, samarbeidsarena i Hallingdal og interkommunale prosjekt i regi av Hallinghelse
Om Hallinghelse
Stillinga er knytt til Hallinghelse som er eit interkommunalt samarbeidstiltak innan helse og omsorg for dei seks kommunane i Hallingdal. Hallinghelse driv utviklingsarbeid innan helse og omsorg i Hallingdal, og felles tenesteyting på fleire fagområde på tvers av kommunegrensene (www.hallinghelse.no). I Hallingdal er det etablert fleire samarbeidsområder og fleire store interkommunale prosjekt. Hallinghelse er ein dynamisk og spennande arbeidsplass, med fokus på tenesteinnovasjon og utvikling av eksisterande helsetilbod.
Hallinghelse er lokalisert til Torpomoen med Ål kommune som vertskommune.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Stillinga er tilrettelagt for lege med spesialitet i samfunnsmedisin, eller lege med interesse for fagfeltet som ynskjer å gå inn i eit utdanningsløp i samfunnsmedisin. Det er ynskjeleg med allmennmedisinsk erfaring.
Det er ein føresetnad at søkaren har gode kommunikasjonsevner i norsk munnleg og skriftleg.
Stillinga krev evne til sjølvstendig arbeid, gode samarbeidsevner, fleksibilitet og evne og vilje til å ta initiativ og ansvar.
Relevant erfaring og personlege eigenskapar vert tillagt avgjerande vekt.
Me tilbyr
- ein arbeidsplass med tverrfagleg arbeidsmiljø, godt fagmiljø dyktige og engasjerte kollegaer.
- godt og engasjert samarbeid i Hallingdal
- fleksibel arbeidstid
- det kan leggjast til rette for:
- vedlikehald/kompetanseutvikling
- avtale om spesialisering i samfunnsmedisin
- lønn etter avtale
- god barnehagedekning
- hjelp til å skaffe bustad
Send søknad
Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar". Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt.
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
01.01.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4248038Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 17.12.2021