• Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Bedriftstype
    Kommune
  • Organisasjonsnummer
    844162502
  • Nettside
    GRANVIN HERAD
  • Adresser
    Besøksadresse
    Hardangervegen 2581
    5733  GRANVIN

GRANVIN HERAD

Granvin er ein av Hardangerkommunane, har ca 930 innbyggjarar og ei flatevidd på 212 km2. Kommunesenteret ligg inst i Granvinsfjorden, og er sentralt plassert med gode kommunikasjonar i alle retningar.

Reisetider med bil:
25 min til Voss, næraste regionsenter
2 timar til Bergen

Næringsliv
Granvin har tradisjonar med tømmer og trevirke som råstoff, og med sagbruksverksemd langt attende i tid. Det er omfattande kompetanse på dette i bygda. I dag er Moelven Granvin Bruk, sentralsagbruket på Vestlandet, den største private arbeidsplassen. Her er snikkarverksemder og skogsentreprenørverksemd, og her er mykje praktisk kunnskap om gamal byggjeskikk og restaurering av bygningar.Tre er det einaste fornybare byggjemateriale, og er såleis byggjematerialet for framtida.

Primærnæringane er framleis viktige Granvin, nokon også med foredling av eigne råvarer. I tillegg har bygda små og mellomstore verksemder innan tradisjonelle handverk som murar, røyrleggjar, mekanisk verksemd m.m. Dei fleste arbeidsplassane finst innanfor kommunal verksemd.


Bli med i vår Kandidatbank

Synes du vår bedrift ser spennende ut? Meld din interesse, vi vil gjerne ha deg i vår Kandidatbank. Stå først i køen og bli kontaktet når vi trenger folk.

 

Ledige stillinger

Vi har for tiden ingen ledige stillinger.